Rotta Magawa har fått heltemedalje

I løpet av sju år har den gambiske hamsterrotta funne 39 landminer og mange andre farlege gjenstandar i Kambodsja.

– Magawa er ei helterotte. Me er kjempeglade for å feira hans livreddande innsats ved å gje han PDSA-gullmedaljen.

Det sa generalsekretær i PDSA, Jan McLoughlin, i den digitale presentasjonen av den heltemodige rotta Magawa.

Reddar og endrar liv

PDSA (People’s Dispensary for Sick Animals) er ein organisasjon som jobbar for at dyr skal ha det bra. Dei har beslutta å gje Magawa si høgaste utmerking for innsatsen han har gjort for å finne landminer i Kambodsja.

45 år etter at krigen tok slutt, eksploderer bombene viss nokon trakkar på dei.

– Magawa sitt arbeid reddar liva til menn, kvinner og barn som vert påverka av desse landminene. Kvar oppdaging han gjer minskar faren for at dei skal bli skadde eller døy, seier generalsekretæren McLoughlin.

Magawa går i band og markerer når han finn landminer eller sprengstoff. Mineryddarane som jobbar med han stolar så mykje på rotta at dei ofte brukar området til fotballbane etter at Magawa har trygga det. Foto: PDSA via AP

25.000 amputerte

Under Vietnam-krigen frå 1957 til 1975 sleppte fleire land bomber over Kambodsja, Vietnam og Laos. Opptil ein fjerdedel av klasebombene USA sleppte vart ikkje detonert, og er derfor farlege framleis.

Sjølv i dag, 45 år etter at krigen tok slutt, eksploderer bombene viss nokon trakkar på dei. Då kan ein enten bli alvorleg skada eller døy, slik over 64 000 menneske allereie har døydd sidan krigen. I tillegg er det rundt 25 000 innbyggjarar som har måtte amputert armar eller bein som følgje av landmine-ulukker.

Gambiske hamsterrotter er smarte og lette å trene.

Kan klarere ein tennisbane på 30 minutt

Hamsterrotta Magawa har vorte trent opp av den belgiske organisasjonen APOPO som jobbar med å rydda landminer.

Her kan du sjå han i aksjon (saka held fram etter videoen):

Gambiske hamsterrotter er smarte og lette å trene, ifølgje organisasjonen.

Fordelen for Magawa er at sjølv om han er større enn ei vanleg rotte, så er han for lett til å utløyse minene. Han er trent opp til å gje signal når han finn ei landmine.

Den store rotta jobbar så raskt at han kan klarere eit område på storleik med ein tennisbane på 30 minutt, noko som kan ta eit menneske med metalldetektor opptil fire dagar.

I løpet av dei siste sju åra har han dekt 141.000 kvadratmeter og funne 39 landminer og 28 andre farlege gjenstandar. Det gjer Magawa til den beste landminerotta organisasjonen har.