Fortnite samla inn meir enn 1,2 milliardar til Ukraina

I midten av mars starta Epic Games og Microsoft ein innsamlingsaksjon, der pengane skulle gå til Ukraina.

Og den skulle visa seg å gå ordentleg bra. No har dei samla inn over 1,2 milliardar kroner, skriv gamereactor.no.

Alle inntektene dei fekk inn frå mikrotransaksjonar mellom 20. mars og 3. april, går til  humanitært arbeid i Ukraina. Humanitært arbeid er er arbeid for at menneske som har det vondt, skal få det betre.

Det tok berre ein enkelt dag før dei hadde samla inn 314 millionar kroner, og berre ei veke før dei passerte 865 millionar.