Fortnite fjernar bygging

På søndag slapp Epic Games ein ny sesong med innhald for Fortnite. Der fjernar dei moglegheita for å byggja.

Dermed fjernar dei ein mekanikk som har vore tilgjengeleg i spelet, heilt sidan Fortnite vart lansert i 2017.

Når det ikkje lenger er mogleg å byggja, må ein finna nye måtar å søka dekning på. Tek.no skriv at moglege gøymeplassar kan vera mellom anna store steinar, variasjonar i terrenget eller bygningar som allereie er i spelet.

Sjølv om moglegheita til å byggja sjølv blir fjerna, skriv Epic Games at bygginga blir verande i turneringar og i Arena-kampar. Det vil også framleis vera mogleg å byggja i Team Rumble og i Fortnite Creative.

Samlar inn pengar til Ukraina

I tillegg til å informera om endringar, har Epic Games også sagt at alle inntektene dei får frå mikrotransaksjonar mellom 20. mars og 3. april kjem til å gå til humanitært arbeid i Ukraina. Humanitært arbeid er er arbeid for at menneske som har det vondt, skal få det betre.

Pengane dei samlar inn skal fordelast mellom Direct Relief, UNICEF, Verdas matvareprogram og FNs høgkommissionær for flyktningar.

Sjå traileren til Fortnite Chapter 3 season 2 her: