Sommaren i fjor var omtrent ei grad høgare enn snittet dei siste 30 åra.
– Me står ovanfor mange utfordringar, seier Mauro Facchini, som har leidd arbeidet med den nye rapporten frå EUs klimaovervakingsteneste Copernicus.
Han konkluderer med at det hastar å kutta i klimagassutsleppa og unngå ytterlegare oppvarming, skriv NRK.
Temperaturen skaut fart
Medan temperaturen til jorda var nesten 1,2 grader over førindustrielt nivå i fjor, var temperaturstigninga i Europa på meir enn 2 grader.
Førindustrielt nivå betyr temperaturen som var på kloden i perioden før industrialiseringa skaut fart på slutten av 1700- og starten av 1800-talet.
I Italia vart det registrert ein temperatur på 48,8 grader – den høgaste i Europa nokon gong.