FNs klimapanel: – Det er no eller aldri viss me vil redusera den globale oppvarminga

Den nyaste klimarapporten frå FNs klimapanel, viste nok ein gong at verda ikkje er i ruta for å nå 1,5 graders-målet.

Utsleppa våre har aldri vore høgare enn det dei er no. Skal me snu det, må toppen vera nådd innan 2,5 år. Det kjem fram i den tredje delrapporten til FNs klimapanel (IPCC), som kom ut førre veke.

Får me ikkje det til, meiner forskarane at det truleg er for seint å nå klimamåla som landa i verda har blitt einige om. Målet er å unngå at me blir råka av dei verste konsekvensane som kan koma av klimaendringane. Eksempel på dette er meir tørke, ekstrem varme, skogbrannar og ekstreme nedbørsmengder.

Forskarane meiner at me må gjera meir, og helst må det gjerast noko raskt, skriv NRK.

Orkanar er noko me vil sjå meir av i tida som kjem, dersom ikkje noko no blir gjort. Foto: Pixabay

Eit «skammas dokument»

FNs generalsekretær António Guterres, seier at det er på tide å få opp farten. Under pressekonferansen der den tredje delrapporten vart lagt fram, sa han at «verdas leiarar no må leia».

– Det er på tide å slutta å brenna planeten vår, og starta å investera i den fornybare energien som finst rundt oss, sa han.

Eksempel på fornybar energi er vindkraft, solkraft og vasskraft. Han kallar den tredje delrapporten for «eit skammas dokument», og meiner også at nokre land lyg om det dei gjer for å bidra mot klimaendringane.

Les også: Ny og dyster klimarapport: – Det hastar å gjera det me kan

Desse tiltaka anbefaler forskarane no

Tiltaka kvart enkelt land bør satsa på, varierer. Men likevel har forskarane komme med nokre forslag, som dei meiner vil ha stor effekt på klimaendringane.

1: Bruka meir solenergi

Å bruka solcellepanel er blant dei billigaste og mest effektive tiltaka me kan bruka i kampen mot klimaendringane.

2: Bruka energien til vinden

Forskarane meiner at me bør byggja vindturbinar ute på havet. Det er eit rimeleg tiltak for å kutta i store utslepp.

3: Slutta å byggja ned skogen

Skog og andre økosystem er bra for planeten. Tre et CO₂, og kan lagra klimagassar i lang tid.

4: Naturleg karbonfangst i landbruket

Som med trea i skogane, kan også planter fanga CO₂. Karbonet kan lagrast i jorda, viss det blir gjort endringar på dagens landbruk.