Forskarane har rekna ut at gjennomsnittstemperaturen var 16,6 grader. For å finna gjennomsnittstemperaturen legg ein saman alle målingar og delar på talet. Berre august i 2023 og 2024 har vore varmare, skriv NRK. I land som Spania og delar av Frankrike vart det ekstremt varmt, ifølgje forskarane.
Dette gjeld globalt, som betyr at me snakkar om heile verda.






















