Taliban er ei ekstrem islamsk religiøs gruppe som har tatt i bruk krig som metode for å nå måla sine. Då dei kontrollerte Afghanistan frå 1996 til 2001, var dei kjent for å vera strenge og ekstremt harde.
Spesielt harde var dei mot jenter og kvinner, som mellom anna vart nekta all form for utdanning.
I august 2021 tok Taliban igjen kontroll over Afghanistan. Då lova dei at dei hadde gått vekk frå dei harde haldningane dei hadde då dei styrte landet sist, og lova mellom anna at jenter skulle få lov til å gå på skulen.
Løftet vara ikkje lenge, for no er det brote, skriv News for kids.
Les også: Kampanje i sosiale medium stoppa songforbod
Reagerer sterkt på avgjersla
Då skulane i Afghanistan opna etter vinterferien i slutten av mars, møtte jentene opp på skulen. Men gleda for å komma tilbake etter ferien, vara ikkje så lenge. For då hadde Taliban nemleg gjort om på avgjersla si.
Jentene som gjekk i femte trinn og opp, skulle sendast heim att.
Regjeringa i landet har uttalt at dei vidaregåande skulane for jenter vil vera stengt fram til Taliban kjem med ein ny plan. Fleire land og FN reagerer sterkt på dette, og har kritisert brotet.
Mange trur at det er usemje mellom to grupper innanfor Taliban, som er årsaka til utestenginga. Ei av dei vil gå tilbake til reglane slik dei var for 20 år sidan, medan den andre vil gi kvinner og jenter fleire moglegheiter, i håp om at det vil gi dei økonomisk støtte frå andre land.