Kvinner sine rettar er viktige for islendingane

Sjølv om Island blir omtala som verdas mest likestilte land, deltok kvar fjerde islending i streik for å støtta kvinners rettar.

Då kvinner og ikkje-binære personar streika mot vald og for lik lønn for kvinner som for menn, stilte ein firedel av befolkninga opp, skriv Verdens Beste Nyheter.

I 14 år på rad har Island vore på toppen av målinga over verdas mest likestilte land, ifølgje The Global Gender Gap Report. I 2022 vart Island til og med det første landet i verda som fekk eit gullsertifikat frå FNs Utviklingsprogram for innsatsen for likestilling mellom kjønna.

Ikkje i mål

Folka på Island meiner likevel at dei ikkje er i mål. Derfor gjekk nyleg mange tusen menneske ut i gatene i hovudstaden Reykjavik. Dei ville setja fokus på at det framleis er problem med vald mot kvinner og manglande likelønn.