Genevieve (17) skapar historie – første kvinnelege pitcher i australsk baseball

Genevieve Beacom rår unge jenter til å gjere det dei vil, og ikkje lytte til råd om å skifte idrett.

GIF: giphy.com

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også prøva deg på nyheitskvissen frå forrige veke – har du fulgt med?


Australske Genevieve Beacom er berre 17 år gammal, men allereie har ho skapt historie.

Ho er den aller første kvinnelege pitcharen til å spele for eit profesjonelt baseballag i heimlandet. 17-åringen, som er signert under ei utviklingskontrakt hjå Melbourne Aces, fekk sin debut førre veke.

– Gjer det du vil gjere

Etter kampen hadde ho følgjande beskjed til unge jenter verda over:

– Om nokon prøvar å presse deg til å gjere noko du ikkje vil, til å spele softball eller ein sport du ‘bør spele’ ikkje høyr etter, sa 17-åringen i eit videointervju delt på Twitter og heldt fram:

– Gjer det du vil gjere, og vit at om du jobbar hardt nok, så kan du defintivt klare det. Det er ikkje umogeleg.

Sjå video av Beacom på bana her: