Ukrainske Iryna tok over David Beckham sin Instagram

Då den tidlegare fotballproffen gav vekk Instagram-kontoen sin, fekk 72 millionar menneske sjå kvardagen på eit barnesjukehus truga av bomber.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om Johannes (23) som vart flått ned fordi han er homofil.


David Beckham har nesten 72 millionar følgjarar på Instagram. Søndag fekk desse eit innblikk i ein annan kvardag enn den heime hos familien Beckham.

I eit døgn følgde følgjarane heller den ukrainske legen Iryna, som er sjef for det regionale nyføddsjukehuset i Kharkiv.

I staden for bilete av matlaging, familieidyll og ferieturar, så fekk følgjarane sjå evakuerte mødrer ta seg av sine nyfødde barn i ein sjukehuskjellar. 

– Doktorane og sjukepleiarane her, vi uroar oss, vi gret, men ingen av oss gjev opp, fortalde Iryna.

Ho er på jobb døgnet rundt for å sikre at barna som vert fødde i krigen får ein så trygg start på livet som mogeleg.

Det var Dagsavisen som først omtalte saka i Noreg.

– Dei første dagane var dei vanskelegaste

Kharkiv er den nest største byen i Ukraina, og ligg nordaust i landet, nær den russiske grensa. Byen har vore under kontinuerleg åtak sidan den russiske invasjonen for nesten ein månad sidan.

– Dei første dagane var dei vanskelegaste. Vi måtte lære oss korleis vi skulle arbeide med bombing og åtak, fortalde Iryna på Instagram.

Al Jazeera-korrespondent Assed Baig skildrar situasjonen i Kharkiv som apokalyptisk, og syner fram skadane byen har lidd med bomba bygningar og ruinar på alle kantar.

Hjelper nyfødde å overleve

David Beckham har vore Unicef-ambassadør sidan 2015, og Instagram-overrekkinga skjer i samarbeid med organisasjonen.

Unicef sender mellom anna medisinsk utstyr til Ukraina, og har sikra oksygengeneratorar til sjukehuset i Karkiv.

– Takka vere dykkar bidrag, så kan oksygengeneratorane dei har motteke hjelpe nyfødde med å overleve under forferdelege omstende, sa Beckham på Instagram, og oppmoda fleire til å støtte Unicef og andre organisasjonar.