Stoppar utvinning av Olje og gass
Eitt av punkta partia er blitt samde om, er å ikkje opna havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for leiting eller utvinning av olje og gass i denne stortingsperioden. Også Jan Mayen, iskanten, Skagerrak og Mørefelta skal enn så lenge vernast mot oljeaktivitet.
Forbyr pelsdyroppdrett
Ei anna, kanskje meir overraskande nyhende er at regjeringa lovar å gjennomføra ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Eksisterande pelsdyrfarmar skal få sju år på seg før dei må stengja dørene. Dei skal også få økonomisk kompensasjon, lovar regjeringa.