Byen som heiter Aceredo, forsvann under vatn i Limia-elva då ei demning vart bygd på 90-talet. Men no har byen gjenoppstått – etter heile 30 år under vatn.
Årsaka til at den plutseleg har gjenoppstått, er ei ekstrem tørke som i dei siste månadane har breidd om seg i både Spania og nabolandet Portugal, skriv TV 2.
I tillegg til den ekstreme tørken, skuldar dei lokale styresmaktene på det portugisiske kraftseklskapet EDP, som eig demningen. Dei meiner nemleg at kraftselskapet har tappa alt for mykje vatn for å kunna levera straum.
Folk er nostalgisk og glad
Den gamle, men samstundes nye byen, har gjort at innbyggjarane som bur i nærleiken av Aceredo, er blitt nostalgiske og glad. Mange av dei har nemleg fått sjekka ut korleis heimane til gamle vener eller familiemedlem såg ut.
Ordførar i Concello de Lobios, Maria del Carmen Yanez, har fortalt til Reuters at det særleg er ein del av folket som synest byen er spennande.
– Den yngre garde er meir nysgjerrige, seier ho.
Les også: Indonesia må endra hovudstad