Fakta «veke 6»:
- Med Veke 6-kampanjen 2022 vil Sex og Politikk skapa dialog og læring rundt sentrale tema i livet til barn og unge, som kan hjelpa og auka forståing rundt kjensler, pubertet og seksualitet.
- Sex og Politikk har laga ein kampanjepakke tilpassa dei ulike alderstrinna i skulen. Dei er tilgjengeleg her. Dei er sett saman av utvalde oppgåver frå Veke 6-materielet, PowerPoint-presentasjonar, lenkjer til eksterne ressursar og quizar.
- Tema for Veke 6-kampanjen 2022 er #verdifull. Det er stemt fram gjennom den årlege brukarevalueringa.
– Det å utvikla seg fort, slik som me gjer i puberteten, gjer at mange føler at dei er annleis eller at det er noko som er feil med dei. Med Veke 6 vil me få fram at det faktum at me er forskjellige – er normalen. Det at me er forskjellige er verdifullt, fortel Ella de Figueiredo Lykke.
Ho er rådgjevar hjå Sex og Politikk, og ansvarleg for å koordinera Veke 6. I år er temaet #verdifull. Sex og Politikk vil fremja at variasjon er normalen – og at du er verdifull akkurat slik som du er.
Les også: Myter om puberteten
Det er heilt normalt at me er ulike
– Sjølv om det har blitt mykje lettare og mindre tabu å snakka om ting, er det framleis mykje å ta tak i. Det er kjempeviktig å løfta fram variasjonane mellom oss, seier ho.
Det å føla at du er feil, eller ikkje heilt som dei andre, er noko me menneske kan slita med gjennom heile livet. Ella, som er utdanna psykolog, fortel at kjensla heng saman med å ikkje føla at du høyrer til eller får vera med.
– Viss me får snakka med barna tidleg, kan me unngå at desse kjenslene kjem fram. Derfor stiller me i Veke 6 opp med ressursar og verktøy som skulane kan bruka, seier ho.
–Krangla veldig mykje med mamma
Puberteten kan vera ei vanskeleg tid for mange. Ella fortel at ho var kjempeforvirra då ho sjølv var i puberteten. Ho vaks veldig mykje, og var ein av dei høgste i klassen. Ho kunne kjenna på utanforskap og forvirring.
– Det var rett og slett veldig sterke kjensler i kroppen. Eg hugsar at eg krangla veldig mykje med mamma i den perioden der, men så var det også ein veldig spennande periode.
Ho fortel at puberteten kan vera skummel og forvirrande, fordi det skjer mykje på kort tid og fordi ein ikkje veit kvifor det skjer endringar i kroppen.
Me må snakka meir om puberteten
– Derfor er det viktig at me lærer meir. For eksempel kan det vera ekkelt for nokre gutar å ikkje ha kontroll over stemma. Veit dei kvifor det skjer, blir det lettare å ta det på strak arm når det faktisk skjer, seier ho.
Ella meiner me må snakka meir om puberteten og få betre namn, ord og begrep på tinga som dukkar opp i den perioden av livet. Det gjer at alt med den blir mindre flautt.
– Det er heilt sprøtt at det er så flaut, for nesten alle av oss har vore eller skal komma i puberteten. Me kan alle bli flinkare til å snakka saman om kropp og pubertet, og så trur eg at det er viktig at me også kan le av det, seier ho.