I juni 2022 skal SpaceX senda ein norsk satellitt med namnet SelfieSat til verdsrommet. Den skal vera utstyrt med ein skjerm og ei selfiestang, og målet med den er å ta selfiar i verdsrommet, skriv Andøya Space i ei uttaling.
Det som er ekstra kult, er at dersom du, læraren din og resten av klassen tek ein selfie og sender den til ESERO Norway, så blir bildet med på ferda ut i verdsrommet!
Les også: Reiser til verdsrommet – utan profesjonelle astronautar om bord
Dei ti beste får selfie frå verdsrommet
Alle bilda som blir sendt inn, blir med satelitten til 525 kilometers høgde, og kjem til å gå i bane rundt jorda. Det er kult, det!
Andøya Space opplyser om at dei 10 beste innsendingane får tilsendt ein selfie av seg sjølv med jorda og stjernene i bakgrunnen. Desse 10 kjem til å bli publisert på ESERO Norway sine nettsider, dersom satelitten kjem trygt tilbake til jorda, og alt har gått som planlagt.
Fristen for å delta er den 25. februar. Les meir om prosjektet og send inn selfien av klassen din her.