Teddynauten svarar: Slik er det å vera astronaut

Framtida Junior har tatt ein prat med maskoten til den einaste plassen i Noreg der dei driv med oppskyting av rakettar – nemleg Andøya Space.

– Eg synest eg har Noregs kulaste arbeidsplass. Her kjem det forskarar frå heile verda som vil skyta opp forskingsrakettane sine. Vanlegvis vil dei forska på nordlyset eller noko spesielt i atmosfæren i nærleiken av Nordpolen. Men dei kan også byggja rakettar her, me har ein eigen skule og nokre av dei som jobbar her hjelper militæret å testa forskjellig utstyr dei treng, seier Teddynauten.

Teddynauten er maskoten til Andøya Space. Det betyr at han veit mykje om kva som skal til for å bli astronaut – og han kan røpa at nettopp det er eit vanskeleg nålauga å koma gjennom.

Må vera nysgjerrig og interessert

– Du må først og fremst ha gått masse på skule. Så må du vera frisk og sunn, noko som betyr at du må trena ganske mykje og eta sunn mat. Kroppen vår toler ikkje eigentleg å vera så mykje ute i verdensrommet, så det er viktig å ha sterke musklar for å klara seg betre etter at ein kjem heim att, seier han.

Men ein annan ting som også er viktig, som ikkje så veldig mange snakkar om, er at ein må vera nysgjerrig og interessert i å finna ut av ting.

– Når ein reiser til verdsrommet er det mykje me ikkje veit og mange uventa ting som kan skje. Derfor har astronautane eit av dei farlegaste yrka i heile verda, men også eit av dei artigaste, seier han.

Les også: Fem kjappe frå Teddynauten

GIF: Giphy

Det luktar promp

Han trekkjer fram det å kunna læra mykje og det å ha moglegheit til å sveva rundt i romfarttøyet, som det artigaste med jobben. Noko som derimot ikkje er like artig, er at det alltid luktar promp om bord i eit romfartøy.

– Berre tenk at du og fleire venner er innestengt i eit lite rom saman. Ingen kan dusja og når nokon prompar går det ikkje å lufta ut, seier ein lattermild Teddynaut.

Han er klar i si sak då han får spørsmålet om å trekkja fram den artigaste opplevinga i jobben som Teddynaut. Det heile starta med at nokre studentar hadde bygd minisatellittar som skulle forska på atmosfæren.

– Eg putta satellittane i sekken min og så vart eg sendt høgt opp i atmosfæren med ein vêrballong. Det var kult å sveva så høgt over jorda hengande under ein ballong, seier han.