Nima kan bli den første nordmannen i verdsrommet

Frå 50-talet og fram til i dag er det i underkant av 600 menneske som har vore utanfor atmosfæren vår. Ingen av dei er nordmenn – Nima Shahinian (39) kan bli den første.

Norske Nima Shahinian (39) er i full gang med astronaut-trening i Russland. Der jobbar han mot målet sitt, som er å bli den første nordmannen i verdsrommet.

– Dette er ein barndomsdraum som går i oppfylling, seier han til VG.

Tidlegare denne veka tok han til på den praktiske delen av astronauttreninga. Den gjer han i Moskva og i Star City. VG skriv at treningsopplegget til nordmannen er i regi av den russiske romfartsorganisasjonen Gagarin Cosmonaut Training Centre (GCTC).

Les også: Dei sameinte arabiske emirata har fått sin første kvinnelege astronaut

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Nima J. Shahinian (@nimashahinian)

Romferd i 2023?

No skal nordmannen i første omgang gjennom ei intensiv veke med astronauttrening. Den er ein del av eit tilpassa treningsprogram i regi av det amerikanske romfartsselskapet Space Adventures, skriv NPK-NTB.

– Denne treningsrunden i Star City er den første av mange, viss alt går bra. Dei neste to åra skal eg bruka mykje tid her, seier han.

Dersom alt går som planlagt, skal Nima ut i verdsrommet og til den internasjonale romstasjonen (ISS) i andre halvdel av 2023.

Les også: Fire astronautar landa trygt i vatnet etter romferd