Med eit Europa som kvar dag ser aukande koronasmitte, er forskiringsselskapet Tryg klar i si tale. Dei anbefalar ingen å planlegga turar til utlandet no.
– Pandemien i Europa blir verre dag for dag. Bli heima til smittetala går nedover, seier Ole Irgens i Tryg til NTB.
Han seier at dei som tek sjansen på å reisa ut frå landet no, kan risikera at reisen blir avlyst eller veldig begrensa, grunna høge smittetal der ein eventuelt reiser til.