Derfor leggjer hunden hovudet på skakke

Forskarar ved Eötvös Loránd universitetet i Ungarn har funne ut kvifor hundar leggjer hovudet sitt på skakke.

Har du lagt merke til at hunden din av og til leggjer hovudet på skakke når du snakkar til han? Kanskje du seier «tur» eller «mat» når han reagerer.

Ny forskning sler no fast at hundar gjer dette når dei oppfattar eit ord dei kan, eller når eigaren fortel dei noko viktig, skriv klikk.no.

Forskinga vart nyleg publisert i Animal Cognition Journal, men funna vart oppdaga i samband med eit anna prosjekt, der forskaren Andrea Sommerse studerte 40 hundar som skulle læra seg forskjellen på mange ulike leiker.

Skakka når dei høyrde att ord dei kjende

I forskinga oppdaga Sommerse at hundane skakka på hovudet nå dei høyrde att ord som dei kjente.

–Me oppdaga at hundane skakka på hovudet fordi dei høyrde noko dei forstod og som dei oppfatta som viktig. Det virka som hunden tenkte at «no er eg fokusert og konsentrert om oppgåva», seier Sommerse til BBC.

Hundar som kjenner att orda eigaren seier til dei, vil altså skakka på hovudet. Kult, hæ?