– Eg meiner at briller bør bli gratis i Noreg for barn som treng briller, seier Ylva Schmidt-Tjøstheim.
I fjor kutta Erna Solberg-regjeringa brillestøtta til barn med 160 millionar kroner. Det blei ei maksgrense for kor mykje støtte ein kunne få til briller.
– Eg synest det var veldig dumt, seier Ylva Schmidt-Tjøstheim.
Les lesarinnlegget som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior her.
– Urettferdig
Ho synest det er urettferdig at fleire barn ikkje gjera akkurat det dei vil på skulen og fritida fordi dei er redde for å øydelegga brillene sine.
– Dette er ei viktig sak for familiar og barn i Noreg, og eg håpar den nye regjeringa vil gjera noko med denne saka, seier ho til Framtida Junior.
Må venta
Den nye regjeringa har lova å gjera noko med saka. Men då dei la fram sitt forslag til endringar i statsbudsjettet sist veke, så hadde dei ikkje sett av pengar til brillestøtte.
– Me ønsker å bruka litt meir tid for å finna ei løysing som kan vara lenger. Det fekk me ikkje gjort på dei par vekene me har fått jobba med budsjettet, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum til NTB.
– Eg håpar det ikkje tar så veldig lang tid å venta, seier Ylva Schmidt-Tjøstheim.