– Det var bra at Newton laga serien 

Isak, Pernille, Aurora, Aslak og Lucia har sett NRK sin nye klimaserie «Ikke gjør dette mot klimaet». Dei synest den var skummel – men at det likevel er bra at Newton har laga serien.

Isak Buvik (11):

Kva synes du om serien?

Den er veldig bra fordi den inspirerer barn – slik at dei bryr seg meir om klima. Og den viser at barn kan gjera noko med klimaet. 

Kva følelsar kjende du då du såg serien?

Eg blei veldig inspirert og litt redd. Dei gjekk veldig langt for å vise kva som kan skje. Eg har høyrt at fleire har blitt litt redde. Ein ting eg synest var skummelt var at det kan komma insekt med farlege sjukdommar frå andre land viss det blir varmare. Det får meg til å passe meir på klimaet.

Synest du det var bra eller dumt at NRK laga seien? 

Det er veldig bra! Det inspirerer barn, og dei laga serien på ein veldig seriøs måte. Dei har mange tips om korleis me kan hjelpa. 

 

Pernille Aasdal (11)

Kva synes du om serien? 

Eg syntes den er ganske kul og inspirerande. Den får oss til å tenkje at «shit, dette skjer i verda, og det kjem til å skje oftare». Det einaste som er dumt er at dei gjer eksperimenta på ein måte som er dårleg for klimaet. Men det er jo bra at dei viser oss at me kan gjera noko med det som skjer. 

Kva følelsar kjente du då du såg serien?

Den gir håp om at det kan bli betre. Men eg fekk også ei trist kjensle av å sjå at klimaendringane skjer i verda. Eg blei litt redd også. Alle episodane var skumle. Spesielt episoden om insekt var ekkel. Det stressar meg at det kan komma farlege insekt hit. Me kan ikkje berre sitja å ha ein dårleg følelse. Det følest betre når me kan gjer noko med det. 

Synest du det var bra eller dumt at NRK laga seien?

Det var bra og dumt. Eksperimenta dei gjer forureinar, så det er dumt. Men det er bra at dei viser kva me kan gjera.

 

Aurora Solhaug (11):

Kva synes du om serien?

Me såg ein episode om insekt i eit hus. Dei insekta hadde spreidd seg fort og det var ekkelt. Kva følelsar kjente du då du såg serien?

Den episoden om insekt var ekkel. Det kan komma fleire skumle insekt her til Noreg viss me ikkje tek vare på klimaet. Eg tenkjer ikkje på det heile tida, men av og til. Det var meir ekkelt enn skummelt. 

Synest du det var bra eller dumt at NRK laga seien? 

Eg synest det er bra – då kan me få sjå kva som skjer og bli meir miljøvennlege. Eg fekk meir lyst å gjera noko for å ta vare på klimaet.

 

Aslak Myhrvold (11):

Kva synes du om serien?

Den var kul! Dei dreiv med mykje rart som ikkje er bra for klima, men ein lærer av sine feil. Det var morosamt å sjå på det dei gjorde. Det eksperimenta er ikkje slikt ein ser til vanleg.

Kva følelsar kjente du då du såg serien?

Eg blei eigentleg ikkje redd – det var i grunn berre ekkelt. Spesielt episoden om insekt. Dei ville visa at det blir meir insekt i Noreg viss me ikkje tek vare på klimaet. Dei kan smitte oss med sjukdommar. Eg vil ikkje bli sjuk, men trur ikkje det skjer med det første. Men eg fekk nok litt meir lyst å ta vare på klima etter å ha sett den episoden.

Synest du det var bra eller dumt at NRK laga seien? 

Eg synest det var bra fordi barn og vaksne må læra seg kva som faktisk kan skje. 

 

Lucia Blair (11):

Kva synes du om serien?

Den var veldig bra. Morosam serie! Eg synes det var gøy då dei måtte overnatta i huset med masse insekt og då programleiaren måtte bada i bæsj. Han måtte det fordi det regnar meir viss det blir varmare – og då kan kloakken renn over slik at bæsjen kjem ut i badevatnet.

Kva følelsar kjente du då du såg serien?

Eg blei litt redd for det som skjer. At eg kanskje må bade i bæsj og bu i hus fylt med insekt. Eg synest det er litt vanskeleg å vite korleis eg kan hjelpa klima. Viss eg plukkar masse plast er det framleis masse plast i verda. Det føles så stort. Eg er redd for at jorda skal bli heilt øydelagt. 

Synest du det var bra eller dumt at NRK laga seien?

Bra! Eg håpar det fører til at barn og vaksne gjer meir for å hjelpa klimaet.

Foto: NRK