Newton-sjefen: – Målet vårt er ikkje å skremma barn

Etter at NRK fekk 72 klagar på serien «Ikke gjør dette mot klimaet», blei den diskutert i Kringkastingsrådet. Der blei dei ikkje einige. 

Enkelte av medlemmane i rådet støtta kritikken om at serien skremmer barn, medan andre meiner serien treffer målgruppa godt.

Kva meiner Newton-sjefen?

Ole Petter Klepp, prosjektleiar i Newton, kjenner seg ikkje att i det kritikarane meiner.

– Dei negative tilbakemeldingane kjem frå godt vaksne folk. Ein del av dei trur ikkje på at klimaendringane er eit problem, men me lagar TV ut frå fakta og forsking, fortel Ole Petter.

– Målet vårt er å formidla kunnskap om klima – ikkje å skremma barn, seier han.

– Me har hatt barn med oss heile vegen i utviklinga av serien – dei har gitt oss gode tilbakemeldingar som me har lytta til. Barn ønskjer å læra meir om klima og me har laga ein serie som fortel om klima på ein underhaldande, humoristisk måte. Samtidig er den også fylt av håp og tips til kva barn sjølv kan gjera for å hjelpa, seier han.

Ole Petter meiner det viktigaste er at barn får kunnskap om klimaendringane.

– Det å ikkje ha kunnskap kan vera meir skremmande. Ein kan bli meir redd av det ukjente, seier han.

Kva meiner regissøren?

Regissør Mari Svenning er oppteken av at serien formidlar fakta om klima.

– Det er spektakulært store stunts me gjer – men me konkurrerer med TikTok og YouTube, så det er viktig at ein slik serie er underhaldande, samtidig som det er basert på forsking og fakta, seier ho.

Ho meiner mange barn får med seg at vaksne er bekymra for klimaet, og at det viktigaste er å snakka om det som skjer.

– Det blir mindre skremmande då, seier Mari som ikkje vil dyssa ned klimaproblema.

– Ja, me overdriv for å visa fram viktige poeng – men det kjem tydeleg fram i serien at me set det på spissen, fortel ho.

Ho oppfordrar barn til å sjå serien saman med ein vaksen dersom ein synest dette med klima kan vera skummelt.

Kva meiner klimapedagogen?

Peter Tindberg, som jobbar som klimapedagog på Munkerud skule i Oslo, meiner det hadde komme kommentarar frå ein del vaksne uansett korleis NRK hadde laga klimaserien.

– Eg forstår at ein slik serie kan skapa bekymring og redsel for ein del barn. Temaet er jo kjempeskummelt! NRK har valt å gjere det spektakulært med store eksperiment – samtidig som dei har med mange løysingar, fakta og tips. Målgruppa er 10+ og då vil eg ikkje seia at den er for skummel. Men, viss du er bekymra for klimaet, er det viktig å snakka med ein trygg vaksen om det, seier han.

Han meiner serien er eit godt utgangspunkt for å snakka saman.

– Det er kult og gøy å sjå på serien – og den får oss til å stilla ein del spørsmål. Fagfolk over heile verda ropar at me må gjera noko no. Då meiner eg det er skumlare for barn å oppleva at vaksne ropar og ropar, utan å gjera noko med det som skjer, fortel han.

Peter meiner det viktigaste er at vaksne ikkje lyg om det som skjer.

– Me må seia det slik det er. Då er det viktig at barn kjenner at dei kan bidra. Mange vil gjera noko konkret som gjer verda til ein betre stad. For eksempel å plukka plast.

Er du redd for kva som kan skje med klimaet? Her er fire gode råd frå klimapedagogen:

  • Snakk med ein vaksen som tar deg på alvor. Det er ikkje alle vaksne som kan svara på alt, men det er viktig at du deler bekymringane dine.
  • Undersøk tema saman, og snakk om det de finn ut av.
  • Ver aktiv og gjer små ting du veit kan hjelpa klimaet. Det er positivt for sinnet ditt, og det gir håp.
  • Ha fokus på løysingar! Viss alt blir dystert, får ein ikkje gjort noko. Når alle er med blir det gøy og motiverande å for eksempel plukka plast.