Den indiske statsministeren Narendra Modi skal delta på FNs klimatoppmøte. Det stadfestar Indias miljøminister, ifølgje Reuters. Mange er svært glade og letta over at statsministeren har bestemt seg for å komma.
India er nemleg saman med Kina blant dei som slepp ut mest klimagassar i verda.
Statsminister Modi si deltaking har vorte sett på som avgjerande for at den kinesiske presidenten Xi Jinping òg vil delta. Så det er svært viktig for klimatoppmøtet at han kjem til Glaskow.