Susanne reddar mat på TikTok: – Å vera matreddar er veldig lett!

Susanne Nesse er matreddar i sosiale medium. – Målet er å inspirera så mange som mogleg til å bli matreddarar, seier ho.

FAKTA: Gode grunnar til å redda mat
  • Kvart dag blir det kasta nok mat til å metta 850.000 menneske i Noreg.
  • Klimautsleppa tilsvarar 460.000 fossilbilar.
  • Du sparar pengar sjølv.
LES FAKTALUKK FAKTA

Visste du at opptil ti prosent av klimautsleppa i verda kjem frå matsvinn? Kvar nordmann kastar 42,6 kg mat i året, og talet har vore nesten stabilt dei siste åra.

Susanne Nesse jobbar for å få fleire til å eta opp maten gjennom organisasjonen Spis opp maten.

UTDANNING: Susanne Nesse (29) har utdanning innan ernæring og jobbar for at fleire skal eta opp maten sin. Foto: Privat

– TikTok gir meg høve til å spreia matreddartips på ein litt meir lågterskel og leiken måte enn andre digitale plattformar. Det trur eg kan bidra til å skapa nysgjerrigheit òg blant den litt yngre garde. Ikkje minst er TikTok ein plattform som når mange!

– Kva reaksjonar får du frå sjåarane av TikTok?

– Reaksjonane er ulike. Nokon synes at det eg deler er spennande, lærerikt og inspirerende, mens andre er litt meir skeptiske. Men litt skepsis trur eg berre er bra – då har eg sannsynlegvis opna nokon nye tankar og dører!

– Veldig lett å redda mat

Matreddaren seier det er veldig lett å vera matreddar.

– Det handlar om å legga litt sport i det, ha det gøy og tenka enkelt, seier ho til Framtida.no.

Ho tilrår å bli litt meir bevisst på eigne vanar. Til dømes kan du øva på å forsyna deg med passe mengder og heller forsyna deg fleire gongar.

– Kanskje kan du starta med å skapa oversikt i kjøleskapet, slik at du unngår å stadig oppleve å finna mat som må kastast? Kanskje kan du starta å ta med deg restar fra middagen til lunsj dagen etter? Kanskje kan du bli flinkare til å sjå, lukta og smaka, i staden for å kaste mat kun grunna at datoen er passert?