Noreg ligg dårleg an til å nå matsvinn-måla

Frå 2015 til 2020 vart matsvinnet i Noreg redusert med 10 prosent. Det var langt under målet.

Rundt éin tredjedel av all mat som blir produsert i verda, går i dag tapt eller blir kasta. I tillegg kjem omtrent ti prosent av det menneskeskapte klimagassutsleppet i verda frå matsvinn, skriv NRK.

Dette er grunnen til at FNs berekraftsmål har sett eit mål om å halvera det globale matavfallet innan 2030.

Bransjen bomma på målet

I 2017 blei norsk matnæring og styresmakter samde om å halvera matsvinnet innan 2030. Målet inkluderer òg reduksjon av matsvinn i hushalda. Nyleg blei «Hovudrapporten om matsvinn for 2020» publisert. Den viser at vegen mot 2030-målet ser ut til å bli vanskeleg.

Rapporten viser at bransjen har bomma på første delmål.

Ifølgje Miljødirektoratet vart matsvinnet redusert med 10 prosent mellom 2015 og 2020. Det skulle vore 15 prosent.

Hushalda kastar altfor mykje

453 650 tonn er talet på kor mykje etande mat som enda i norske søppelspann i 2020. Matsvinnet blir målt i tal kilo per innbyggar per år. I 2020 kasta vi 84,7 kilo mat per innbyggar.

Den største delen av dette, nærare halvparten, er det du og eg som kastar i søppelbøtta heima. Talet på matsvinn frå heimane er 261.000 tonn mat. Sidan 2015 har matsvinnet i heimane gått ned med berre 6 prosent.