Nordmenn kastar 200.000 tonn mat i året

På verdsbasis blir omtrent ein tredel av maten som blir produsert, øydelagt eller kasta.

27 prosent oppgir at den viktigaste grunnen til at dei kastar mat er fordi dei har gløymt han i kjøleskapet eller ein annan stad, ifølge tal frå ei undersøking frå Matvett.no.

«Best før» og» «siste forbruksdag»

Det er viktig å vita at det er stor forskjell på lettbederveleg mat som kylling, pølser, farse og kjøttpålegg som er stempla med «siste forbruksdag», og mat som ofte held seg lenge etter at «best før»-datoen har gått ut.

«Best før»-merkinga fortel om datoen produsenten meiner maten er på sitt beste, og ikkje at han er dårleg etter at datoen er passert. Merking med «Ofte god etter» og «ikkje dårleg etter» oppmodar til å bruka sansane på «best før»-merka mat som har gått ut på dato.

(Kjelde: Matvett.no)