Forrige veke vart skodespelar Yulia Peresild, kosmonaut Anton Shkaplerov og filmregissør Klim Shipenko sendt opp i verdsrommet, for å spela inn deler av ein ny film.
Filmar er blitt spelt inn i verdsrommet før, men det har vore utan skodespelarar, skriv NRK.
Handlinga i filmen er at ein russisk kosmonaut blir alvorleg sjuk. Så sjuk at han ikkje er stabil nok til å reisa tilbake til jorda for å få behandling. Derfor må kirurgen Zhenya (Peresild) på rekordtid gjera seg klar for å reisa ut i verdsrommet og hjelpa kosmonauten.
Mykje negativt snakk
Det har vore mykje negativt snakk om dette prosjektet, der den russiske staten bidreg med romfartøy, rakett, logistikk og trening. Dette er ressursar som kunne ha vorte brukt til andre ting i det russiske romfartsprogrammet.
Den russiske romferdsorganisasjonen Roskosmos støttar produksjonen. Dei nemner mellom anna at filmen vil gjera til at unge menneske vil få lyst til å bli kosmonautar, og at filmen gir menneska realistisk øving på korleis det er å raskt senda folk ut i rommet.