Hundrevis av fuglar er døydde etter at dei krasja inn i glasvindauga i New York sine mange skyskraparar tidleg denne veka. Det skriv The Guardian.
At fuglar krasjar i skyskraparar er ikkje eit nytt problem, men akkurat denne dagen var talet fuglar som måtte bøta med livet ekstra høgt.
Kaitlyn Parking, som er mellomleiar i ein av miljøorganisasjonane i den store byen, fortel at den stormfulle dagen og fuglar som migrerer bidrog til dødstalet.
– Det ser ut til at stormen kan ha fått fuglane til å fly lågare enn vanleg, eller berre gjort til at dei vart forvirra. Kunstig lys på nattetid påverkar også fuglar, spesielt når det er overskya ute, seier Parkins.
Les også: Philadelphia skrur av lyset for å verna fuglar
Some of the 226 dead birds I picked up this morning while window collision monitoring for @NYCAudubon. 205 from @3NYWTC and @4WTC alone. Many others swept up, inaccessible, or too mangled to collect. 30 injured to @wildbirdfund. If you’re in NYC today, be careful where you step. pic.twitter.com/RTjm82NIpy
— Melissa Breyer (@MelissaBreyer) September 14, 2021
Bygd med fuglar i tankane
Melissa Breyer fann nesten 300 døde fuglar på fortaua som er rundt ein av dei mest kjende skyskraparane i New York, dei nye World Trade Center-tårna. Ho beskriv synet som overveldande.
– Fuglane var over alt. Eg såg nord, sør og vest – og fortaua var bokstavleg talt fylt av døde fuglar, seier ho til avisa.
Talsperson for Dunst Organization, som er med-utviklar av One World Trade Center, skriv i ein e-post til avisa at dei har hatt fuglane i tankane då skyskraparane vart bygd.
– Dei første 60 meterane av bygget er dekt av ikkje-reflekterende glas. Me valde dette designet for å hindra fuglane frå å krasja i bygningane. Det ikkje-reflekterande glaset stoppar på seksti meter, då det er mest vanleg at kollisjonen skjer opp til denne høgda.