Philadelphia skrur av lyset for å verna fuglar

Frå 1. april vil mange av bygningane i Philadelphia vera mørklagde om natta.

Sjølv om dei også vil redusera energiforbruket, er hovudmålet med innsatsen å verna trekkfuglar, skriv Newsforkids.

Mange fuglar vandrar to gonger i året. Dei passar på familien i sine vante omgivnader på våren og sommaren, før dei reiser til ein varmare stad for å halda varmen i dei kalde vintermånadane. I den nordlege halvdelen av verda flyr mange fuglar nord om sommaren og sør om vinteren, for å jakta etter mat og betre levekår.

Foto: Pixabay

Ein milliard døyr, berre i USA

Forflyttingane frå ein stad til ein annan, kan vera vanskeleg for fuglane. Nokre døyr undervegs.

Ein av dei største trugslane mot trekkfuglane, kjem frå ting som menneske har bygd. Som mellom anna husa våre. Ekspertar har uttalt seg at i USA åleine, døyr opp mot ein milliard fuglar som resultat av å fly inn i bygningar.

«Lights Out Philly»

No har Philiadelphia bestemt seg for å gjera noko med dette. Dei skrur av lyset på dei høge bygningane, slik at fuglane unngår å flyga inn i dei når dei vandrar.

Prosjektet har fått namnet «Lights Out Philly».

To gonger kvart år, frå 1. april til 31. mai og frå 15. august til 15. november, skal lysa på bygningane i byen skruast av eller dimmast ned.