I år er femte gong 7. klassingane ved Rosseland Skole skal vera med i Beintøft-aksjonen som blir arrangert av Miljøagentene. Kampanjen har som mål å få elevar frå 1.–7. trinn å gå, sykla eller å reisa kollektivt til skulen.
Elevane fortel det er både kjekt og litt slitsomt å vera med på Beintøft.
Les også: Noregs største gå-til-skulen-aksjon har starta
Vil bruka pengane på noko sosialt
– Vekesoppdraga er veldig gøy. Men det kan vera slitsamt å koma seg opp for å sykla eller å gå, spesielt om det regnar. Det er kjekkare om ein gjer det saman med andre frå klassen, seier elevane.
Klassen har rekna seg fram til at dei sykla og gjekk om lag 1260 kilometer under fjorårets aksjon. Det var nok til å vinna heile konkurransen og ein pengepremie på 30.000 kroner. Nokre av pengane gjekk til ein skikkelig klassefest, men kva dei skal gjera med resten, har dei enno ikkje bestemt seg for.
– Me har bestemt at me vil bruka dei på noko sosialt. Men no håpar me at me vinner i år også, slik at me har enno meir pengar å bruka, seier dei.
Ekstra motivasjon
For å ha sjans til å vinna i fjor, bestemte dei seg for at alle skulle gå og sykla alle dagane. I år håpar dei at dei kan gjenta suksessen.
– Det hadde vore veldig kult om skulen vår som er ganske liten, fortsatt greier å vinna, seier elevane.
Dei trur at ein eventuell siger, vil gi dei ei enda betre kjensle enn dei hadde i fjor.
– Då veit me at me har jobba enda hardare for det.