Noregs største gå-til-skulen-aksjon har starta

Dei neste vekene skal over 48.000 elevar frå heile landet ta beina fatt og konkurrera i å reisa til skulen på ein miljøvennleg måte.

– Målet med Beintøft er å inspirera fleire til å gå og sykla til skulen. Det er bra for helsa vår, gir tryggare skulevegar, mindre utslepp og ikkje minst er det bra for naturen vår.

Det seier prosjektleiar Kaspar Tjeldflaat Steudel i Miljøagentene i ei pressemelding. I går gjekk startskotet for Beintøft 2021, konkurransen der alle skuleklassar kan delta og konkurrera om å bli landets mest beintøffe klasse.

27 gonger rundt jorda

I fjor deltok 50.000 elevar i Beintøft, som til saman la bak seg over ein million kilometer i løpet av september. Det er faktisk det same som 27 gonger rundt jorda! 

– Barna gjer ein skikkeleg klimainnsats! I fjor sparte dei over 145.000 kg CO2, så det blir spennande å sjå kva dei får til i år. Me håpar også at engasjementet til barna vil inspirera foreldra til å reisa meir miljøvennleg i kvardagen, seier Steudel.

Ifølgje Miljødirektoratet står personbilar for 8,5 prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg og er framleis den største kjelda til utslepp i transportsektoren.

Vekesoppdrag og miljøvennleg skuleveg

Beintøft varer frå 30. august til 24. september. I tillegg til å gå eller sykla til skulen, skal elevane også løysa fire vekeoppdrag med ulike tema: «Val og klimaendringar», «Natur og miljø», «Plast og gjenbruk» og «Maten og jorda vår».