UNICEF meiner at klimaendringane set ein million barn i ekstrem fare

For aller første gang viser ein risikoindeks kva dramatiske konsekvensar klimaendringane har for barna i verda.

Slik blir barna ramma akkurat no:

• 240 millionar barn er sterkt utsett for kystflaum
• 330 millionar barn er sterkt utsett for elveflaum
• 400 millionar barn er sterkt utsett for syklonar
• 600 millionar barn er sterkt utsett for vektorbårne sjukdommar
• 815 millionar barn er sterkt utsett for blyforureining
• 820 millionar barn er sterkt utsett for hetebølgjer
• 920 millionar barn er sterkt utsett for vassmangel
• 1 milliard barn er sterkt utsett for ekstremt høge nivå av luftforureining

LES FAKTALUKK FAKTA

1 milliard barn i 33 land, er no er i ekstrem fare grunna kombinasjon av klima- og miljøtruslar og sårbare lokalsamfunn, skriv UNICEF.

Det kjem fram den aller første klimarisikoindeksen for barna i verda.

Indeksen rangerer alle verdas land basert på kva klima- og miljø-utfordringar barn kan møta på, som mellom anna hetebølgjer og syklonar. I tillegg har UNICEF også tatt for seg kor sårbar lokalmiljøet til barna er, dersom desse ekstreme hendingane skulle skje.

– Klimaendringane er djupt urettferdige

Ved å analysera og samanlikna fakta om barn frå i alt 163 land i verda, har UNICEF kome fram til at det er barna i Afrika og deler av Asia som er mest utsett. 99 % av alle barn i heile verda er utsett for minst ein klimatrussel akkurat no.

– Klimaendringane er djupt urettvise. Sjølv om ingen barn er ansvarlege for stigande globale temperaturar, er det dei som må betala den høgaste prisen. Barna frå dei landa som er minst ansvarlege for klimaendringar vil merka det aller mest, seier direktør i UNICEF, Henrietta Fore og held fram:

– For første gang har me eit komplett bilde av kor sårbare barn er for klimaendringar, og det bildet er frykteleg. Nesten ingen barn er upåverka, seier Fore.

Asma, som er 7 år, ventar spent på at livet skal returnera til normalen etter 3 vekers ventetid på grunn av alvorleg flaum av Padma-elven. Bildet vart tatt i Bangladesh 9. august 2020. Foto: ©UNICEF/Kiro

No krev UNICEF handling

UNICEF oppfordrar regjeringar og bedrifter til å lytta til barn og prioritera tiltak som vernar dei mot konsekvensane av klimaendringane. Samtidig vil dei at arbeidet med å redusera klimautslepp må oppskalerast betrakteleg.

Dette er UNICEF sine oppfordringar til mynder, næringslivsaktørar og relevante organisasjonar:

  1. Auka investeringane i klimatilpasning av tenester for barn.
  2. Redusera klimagassutslepp i samsvar med Parisavtalen. Omfattande og akutte tiltak er naudsame.
  3. Gi barna klimaopplæring og miljøferdigheiter.
  4. Inkludera unge menneske i alle nasjonale, regionale og internasjonale klimaforhandlingar og avgjerdsler.
  5. Sørga for at gjenoppbyggingen etter Covid-19-pandemien er grøn, karbonfattig og inkluderande.