– Erfaringsmessig veit me at mange, spesielt unge, har lagra bilde i Snapchat som ofte er av ein svært privat karakter, seier leiar for Slettmeg.no, Hans Marius Tessem i ei pressemelding.
Tessem fortel at svindlarane brukar fleire metodar for å få tilgang til offeras Snapchat-konto. I nokre tilfelle hentar dei brukarnamn frå store databasar som dei har stole i datainnbrot eller lekkasjar, andre gangar lurer dei brukaren til å oppgi informasjonen. Eit døme på eit slikt angrep er falske konkurransar.
Når dei har fått tilgang til kontoen, bruker dei offera sine opne vennelister på Facebook for å undersøka kven dei kan trua med å lekkja dei private bilda til.
Aktiver totrinnspålogging
No oppfordrar NorSIS alle Snapchat-brukarar til å skru på totrinnspålogging.
– Det tar deg berre nokre få minutt, men sikrar deg langt på veg mot kontokapring, seier leiaren for Slettmeg.no.
Slik skrur du på totrinnspålogging på Snapchat:
- Opna Snapchat og trykk på personikonet oppe i venstre hjørne.
- Trykk så på tannhjulikonet øverst i høgre hjørne.
- Litt nede på sida finner du totrinnspålogging.
-
Her kan du velja å bruka SMS eller ein verifiseringsapp.