Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at Nordmenn er blant verdas mest klimaskeptiske folk.
No måler den isdekte Sørtoppen på fjellet Kebnekaise 2 094,6 meter over havet, ifølgje ei pressemelding frå Stockholms universitet. Det er den lågaste høgda som er registrert sidan målingane av det svenske fjellet starta på 1940-talet.
Kebnekaise er det høgaste fjellet i Sverige, og er eit fjellmassiv som ligg i Kirunaområdet i Lappland. Fjellet har to toppar, Nord- og Sørtoppen, der Sørtoppen er dekt av ein isbre. Det er den einaste fjelltoppbreen som er att i Sverige.
Den ferske målinga av Sørtoppen blei gjort av forskarar ved Tarfala forskingsstasjon 14. august. Dei opplyser at høgda varierer to-tre meter mellom sommar og vinter, og at toppen normalt er høgst i mai og lågast i september.
Dei regelmessige målingane viser at Kebnekaise har krympa over 20 meter sidan 1990, skriv The Guardian.
Ikkje lenger Sveriges høgste punkt
Fram til 2019 var Sørtoppen det høgste punktet i Sverige.
Nordtoppen av Kebnekaise er ikkje dekt av is, og høgda minkar difor ikkje her. Denne toppen er 2096,8 meter over havet, og er med det det høgste punktet i Sverige no.
Berre det siste året har Sørtoppen mista to meter samanlikna med målinga på same tid i fjor. Målinga 7. august 2020 viste at Sørtoppen si høgd då var 2.096,5 meter over havet.
– Når turgåarar i dag når toppen, passerer dei ein flat del – ein «fronttopp», som ikkje fanst på byrjinga av 2000-talet, seier professor i glasiologi Per Hollund i pressemeldinga.
Syner klimaendringane
Sidan 2000 har toppen si høgd minka drastisk samstundes som han også har auka i tjukkleik visse stader.
– Variasjonen i høgda er difor eit godt symbol på korleis isbrear responderer på eit varmare klima i Sverige, seier Hollund ved Tarfala forskingsstasjon.
Forkarane forklarar høgdeforskjellen med auka lufttemperaturar, men òg med endra vindforhold, som påverkar kvar snøen legg seg om vinteren.
– Det viser at effekten av klimaendringar verkeleg er her, seier forskar Gunhild «Ninis» Rosqvist til Expressen.
I pressemeldinga frå Stockholms universitet viser forskarane til den nye rapporten frå FN sitt klimapanel, som peiker på at smelting av isbrear rundt om i verda er «utan sidestykke» dei siste 2000 åra, og spår at isbrane vil halde fram med å minke i fleire hundreår framover.