Sommarparkane i Noreg
Dei kommande vekene kjem me til å presentera kva som skjer, kva som er nytt og kva reglar som gjeld med tanke på smittevern i desse parkane:
- Bjørneparken i Flå
- Hunderfossen i Lillehammer
- Sommarland i Bø
- Mikkelparken i Kinsarvik
- Dyreparken i Kristiansand
- Tusenfryd i Ås
- Kongeparken i Ålgård
Me har tatt ein prat med dei store sommarparkane i Noreg, slik at du og familien din veit kva som møter dykk der, og korleis de må planleggja for å få mest ut av opphaldet.
Først ut er Bjørneparken i Flå.
Kva skjer i parken?
Bjørneparken ønskjer at dei besøkjande skal bli betre kjent med dyra som me kan finna i naturen vår. Du kan mellom anna sjå amurleopard, bjørn og hjort i den store parken.
Kva er nytt i år?
Nytt av året er utstillinga «Dinosauria», som viser dinosaurar i ekte storleik, med ekte lyd og rørsler. Direktør Kees Oscar Ekeli trur det kjem til å bli ein travel sommar.
– Me forventar at me kjem til å vera fullbooka heile denne sommaren.
Korleis passar parken på smittevern?
Han fortel at det viktigaste publikum må vita om, er at dei har antalsavgrensingar i parken.
– Det er viktig at dei som vil koma på besøk kjøper billettar i god tid.
Sjølv om det er litt kjedeleg at dei ikkje kan sleppa inn like mange som normalt, meiner han at det er mogleg å kosa seg på besøk.
– No har me bruk av munnbind inne og på foringar – men parken er frykteleg stor. Det å halda avstand skal derfor vera mogleg, seier han.