Ekstremvarmen som er forventa i Vest-USA dei komande dagane kan koma opp i 120 grader fahrenheit, noko som tilsvarer 49 grader celsius.
Det er stor fare for ekstrem tørke og skogbrannar, skriv The Guardian.
Meir enn 48 millionar menneske over heile vest-kysten av USA bur i desse områda.
– Uvanleg i juni månad
– Denne varmen er uvanleg i juni månad. Dei fleste hetebølgjene som historisk sett har påverka det vestlege USA har skjedd i juli og august, seier Julie Malingowski, som er meteorolog hjå National Weather Service (NWS).
Malingowski anbefaler at personar i dei utsette områda held seg innandørs, drikk nok vatn og at dei ikkje forlèt dyr i bilar.
6/15/21: An active fire weather day is expected in the western U.S., today. Critically dry/windy conditions are expected in southwest MT and the central Great Basin, elevated concerns are present in central/southern CA, and dry thunderstorms are possible in the Southwest. pic.twitter.com/gEo5Ur7GfI
— NWS Storm Prediction Center (@NWSSPC) June 15, 2021