Melder tidleg «påskestemning» til helga

Fredag ligg an til å bli årets varmaste dag fleire stadar i landet.

Varm luft frå sør gir tidleg påskestemning, skriv NRK.

– Det ser ut til å bli store mengder sol.

Det seier statsmeteorolog Ingvild Villa, som nesten kan garantere påskestemning dei komande dagane.

Iallfall i delar av landet.

– Ein liten forsmak

Forklaringa er høgtrykk og ein varm luftstraum som kjem inn frå sør. Ved kysten kan folk venta seg to siffer på gradestokken.

– Ein liten forsmak på vår, påske og godt vêr, fortel Villa til NRK.