Nicolai Ramm er årets blimE-artist

NRK Super har valgt Nicolay Ramm som årets artist i vennskapskampanjen BlimE.

Dette er 11. gang BlimE skal få hundretusen av norske skulebarn til å synga og dansa til ein spesiallaga song, skriv NRK.

Nytt i år er at du kan vera med på å bestemma korleis BlimE-dansen skal vera. Send inn yndlingsbevegelsen din, og så kan det vera at din bevegelse blir ein del av dansen!

I fjor var det Victor Sotberg som var BlimE-artist.

Frå «To små karer» til BlimE

Ramm er kjent for å vera journalist, programleiar, komikar og skodespelar.

Han var med i rapgruppa «To små karer» då han var yngre, og vann Melodi Grand Prix Junior med songen «Paybacktime».

Likevel er det kanskje denne songen han er mest kjent for: