Martin Lilleberg er årets BlimE-artist

Du kjenner han kanskje frå FlippKlipp eller TV-serien Noregs tøffaste? No er han klar for å vera årets BlimE-artist.

Martin er både dansar og programleiar for Flippklipp. Han fortel til NRK at han er stolt over å bli årets BlimE-artist:

– Det er veldig stas. Det er verkeleg eit høve til å få jobba med eit skikkeleg fint prosjekt. Eg kjenner meg heldig som får lov til å vera med, seier han.

Dansbar låt

Årets song heiter «Sveve Høyt» og blir sleppt før sommaren.

Martin beskriv låta som glad og dansbar. Årets tema er inkludering og at alle har sin plass.

– Og at det du ser etter i kvardagen er det du finn. Ser du etter fine ting, så
finn du mykje som er fint,
seier han til NRK.