Flyet er ein Piper M600, og har ein nypris på 25 millionar kroner, skriv e24.
Saman med faren Alfie, har Erling Braut Haaland slått seg saman med to større entreprenørar og saman har dei oppretta eit selskap som skal heita Sola M600 AS. Dette selskapet skal stå som eigar av flyet.
Styreleiaren i selskapet, Jarle Finsveen, fortel til e24 at flyet skal brukast av eigarane.
– Eg kan bekrefta at det skal brukast av eigarane, og at det kan brukast i heile Noreg og også i utlandet. Det skal ikkje leigast ut til kundar, seier han.