Frå fredag 30. april, skal britiske fotballspelarar og leiarar boikotta sosiale medium for å støtta kampen mot rasisme. Boikotten kjem til å vara i fire dagar, skriv BBC.
Det heile er eit forsøk på å kjempa mot rasistiske hatytringar. Ein boikott er ei frivilleg handlig, som vanlegvis skjer grunna sosiale eller politiske årsaker.
Krev at det blir tatt grep
– Boikotten viser at engelsk fotball kjem saman for å visa at sosiale medium må gjera meir for å stoppa hat på nett, og for å visa kor viktig det er å utdanna folk i kampen mot diskriminering, står det i ei Twitter-melding frå Premier League.
Dei skriv også at dette viser at sporten er villig til å ta frivillege og førebyggjande skritt i denne pågåande kampen.
– Me vil at britiske myndigheiter skal halda sosiale medium-selskapa meir ansvarlege for det som skjer på platformane deira, står det i uttalinga.
In response to the sustained discriminatory abuse received online by players and others connected to the game, English football will unite for a social media boycott from 15:00 BST on Fri 30 April to 23:59 BST on Mon 3 May
Full story ➡️ https://t.co/YINlwNb7d0#NoRoomForRacism pic.twitter.com/vp6aVovqIS
— Premier League (@premierleague) April 24, 2021
– Ein stad som er fylt av rasistiske hatytringar
Den anti-rasistiske organisasjonen «Kick it Out» meiner også at det er på høg tid at noko skjer.
– Denne boikotten viser kor sinte me er, seier Sanjay Bhandari i «Kick it Out».
– Sosiale medium blitt ein stad som er fylt av rasistiske hatytringar. Ved å fjerna oss frå desse platformane, viser me dei som har makta at dette ikkje er greit. Me treng at du er med. Me treng deg til å vera med på å skapa endring, skriv dei.