Bokmelding av «Dragens øye: Forrådt»: – Magisk!

Den nye teikneserien «Dragens øye» er verkelegheitsflukt på sitt beste. Barn – og barnslege vaksne – på jakt etter god fantasy kjem til å storkosa seg med denne teikneserien.

FAKTA:

Tittel: Forrådt

Serie: Dragens øye

Teikneserieskapar: Charlotte Sandmæl

Forlag: Egmont, 2021

LES FAKTALUKK FAKTA

I år vaks mangfaldet av norske teikneseriar for barn seg endå større. Då kom teikneserieboka Forrådt av Charlotte Sandmæl ut. Det markerte byrjinga på den heilt nye serien Dragens øye.

Hovudpersonen er askealven Kha. Problemet startar når Kha og syskenbarnet Lyra skal bli testa av månebrønnen. Det er eit viktig ritual og alle forventar at Kha etterpå kjem til å bli peikt ut som det nye overhovudet i familien. Men Lyra stel magien til Kha, og hen blir nøydd til å leggja ut på flukt.

Teikningane er både vakre og fantasifulle. Eg er imponert over kor mykje kjensler som blir formidla gjennom illustrasjonane. Det er lett å bli begeistra når ein les Forrådt. Forteljinga er fengjande og har alle dei magiske ingrediensane som god fantasy treng. Tøffe konfliktar, sterke kjensler, trolldom, vakre landskap – og ikkje minst søte drakar.

Det er likevel fleire småting som gjer at boka ikkje er så bra som ho kunne ha vore. Plottet er litt for tungt, særleg i starten. Eg er overtydd om lesaropplevinga hadde vore betre viss språket og teksten hadde vore meir gjennomarbeidd. Med litt meir sjølvtillit på at teikningane er såpass gode at me ikkje treng tekst for å forstå alt så kan dette fort bli veldig mykje betre!

Meldt av Magnus Rotevatn

Dragens Øye / Egmont