7 gode tips til korleis du kan snakke med vaksne om klima

Nora Heyerdahl (21) har kjempa for naturvern så lenge ho kan hugse. I boka «Ok boomer - og andre ting du kan si til onkelen din om klima» skriv ho om sine erfaringar med vaksne som ikkje tek klimakrisa på alvor. Her er hennar beste tips til deg som vil snakke med vaksne om klimakrisa.

  • Vis at du lyttar og respekterer det den vaksne seier. 
  • Vis kjensler og fortel kva du er redd for at skal skje. Det kan påverke dei i positiv retning. 

LES MEIR: Ok boomer – og andre ting du kan seie til onkelen din om klima

  • Bruk gode kjelder. Det må både vaksne, unge og barn øve på. Snakk saman om kva som er gode kjelder. Då kan den vaksne også bli klar over kva som er ei god kjelde. 
  • Spør den vaksne om kva han/ho tenkjer om «naturen» i staden for å snakke om «klima».
NY BOK: Nora Hayerdahl er 21 år og har kjempa for naturvern så lenge ho kan hugse. I boka “Ok boomer – og andre ting du kan si til onkelen din om klima” skriv ho om sine erfaringar med vaksne som ikkje trur på klimakrisa. Foto: Martin Kopperud
  • Viss den vaksne ikkje trur på klimakrisa, kan du spørje om kva han/ho tenkjer om forureining. Dei tiltaka vi har mot klimakrisa er også i mot forureining. Då kan ein vera ganske einig sjølv om ein er ueinig om klimakrisa.
  • Hugs at den vaksne ikkje kjem til å endre meining i dag. Det er heilt greitt. Men kanskje det at du snakkar med han/ho kan endre meiningane deira på sikt. 
  • Viss det er julaftan og du og onkel Torgeir har krangla om klima sidan forretten, og no er det riskrem, så er det viktig å seie; “onkel eg er glad i deg, vi er ueinige, men det går fint. No et vi riskrem.