I dag er den internasjonale transsynlegheitsdagen

Dagen er til for å setja lys på hatkriminaliteten mange transpersonar vert utsette for, diskriminering dei ofte møter i samfunnet og for å synleggjera bidraget deira til samfunnet.

Dette med kjønn og identitet kan vera vanskeleg. Me brukar identitet om den me er, og den vert forma ut frå forventa roller i omgivnadane me veks opp i.

Me kan mellom anna få eigenskapar basert på kjønnet vårt, hudfargen vår, religionen familien vår har og så vidare.

Kjønnsmangfold

Når me blir fødd, får me eit kjønn. Dei som er født med penis, vert oppfatta som gut, medan dei som er fødd med vagina, vert oppfatta som jente.

Tradisjonelt sett vert det tenkt at menneske er ein av to – gutar eller jenter. Likevel finst det mange variantar av kjønn. Mange menneske kjenner seg ikkje att i desse rollene som gut og jente. Det kallar me for kjønnsmangfdld.

Det som er viktig å tenkje på er at alle menneske har rett til å vera på akkurat den måten dei vil og ynskjer.

Kva er ein transperson?

Ein transperson er ein person som heilt eller delvis identifiserar seg annleis enn det kjønnet dei vart registrert som då dei vart fødd.

Transpersonar kan ha mange forskjellige kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk.

Kjønnsidentitet er korleis kjønn ein person identifiserar seg som. Kjønnsuttrykk er måten ein person uttrykkjer kjønnsidentiteten sin på. Ein gut kan for eksempel identifisera seg som eller uttrykkja kjønnet sitt som ei jente, eller omvendt.

Kvifor har me denne dagen?

Transsynlegheitsdagen har blitt markert sidan 2009, på oppfordring frå aktivisten Rachel Crandall, som meinte at det var for få dagar der målet er å synleggjera og feira transpersonar, skriv.

Crandall ønska ein dag for å feira transpersonane, og retta merksemd mot diskrimineringa dei møter i samfunnet.

Kjelder: 

bufdir.no, Sexogsamfunn.no, journalen.oslomet.no