Bergen får regnboge-gangfelt

Kim Frieles plass skal no bli pynta med fargane frå regnbogeflagget.

Nyleg sa Vestland fylkeskommune nei til å måla Kim Frieles plass, men no har fylket endra meining på å pynta gangfeltet. Slutninga kom berre ein dag etter Redd Barna måtte avlysa sin barnefestival grunna fleire trugsmål.

– Det er starten på Regnbuedagene i dag og det handlar i sin natur sjølvsagt om å heidra Kim Friele og den kampen ho har stått i, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland til NRK.

Plassen er kalla opp etter forfattar og LHBT-aktivist Kim Friele som har vore viktig i den norske kampen for skeive rettar.