Maja oppdaga at ho vart forelska i jenter: – Er dette vanleg?

Støtta frå vener og familie var viktig då Maja (16) skulle finne ut av sin eigen identitet.

Maja Brannstorph (16) er bifil. Det vil seie at ho kan bli forelska i både gutar og jenter. Ho fortel at det var fleire i venegjengen som oppdaga at dei var skeive nesten samtidig.

Å vere «skeiv» kan til dømes bety at du blir forelska i nokon av same kjønn, eller at du føler deg som eit anna kjønn enn du er fødd som. Det å vere annleis, kan gjere at ein kjenner seg utanfor, eller vert plaga av andre.

– Vi spurte: «er dette vanleg for andre»? Det hjelpte å ha kvarandre å snakke med, fortel ho.

Maja Brannstorph (16) kan forelske seg i både guter og jenter. Ho fortel at det var fleire i venegjengen som fann ut at dei var skeive på same tid. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Lettare i dag

Maja fortel at ho hadde ei fin oppleving med å fortelle dei rundt henne at ho var bifil. Ho trur nok at det er lettare for dei fleste å vere skeiv i dag enn det var for 50 år sidan.

Ho seier at det var veldig viktig for henne å vite at både familien og venene hennar var støttande. Foreldra hennar har fortalt henne om ulike legningar, dei hadde snakka om temaet på skulen, og dessutan feira Pride fleire gonger. 

Maja fekk eit Pride-armband av mora si, som eit teikn på støtte. Regnboga symboliserer at ein er stolt av å vere annleis frå «normalen».

– Lærarar og skulen kan ha mykje å seie for at det kjennest trygt å finne ut av kven du er, seier ho.

Maja sine tips til dei som lurer på om dei er skeive:

  • Prøv å omtale deg sjølv som ein annan legning, og kjenn etter om det kjennest rett.
  • Sjå på videoar i sosiale medium med folk som fortel om kva dei tenkte då dei fann ut av legninga si.
  • Finn vener som du veit vil støtte deg.