– Med tanke på klimaendringane, kan det vera lurt å hugga trea seinare enn det som er vanleg å gjera i dag.
Det seier forskar Jogeir Stokstad til NRK. Han har forska på korleis gamal skog fangar opp meir CO₂ enn me tidlegare har trudd.
Trea i skogen er som regel klar for å hoggast når dei er mellom 65 og 120 år gamle.
Bra å la trea bli eldre
Stokstad har funne ut at tre som er mellom 50 og 100 år eldre enn dette, held fram med å ta opp store mengder CO₂.
Derfor kan det vera bra for klimaet å la trea bli eldre, før dei blir felt. Mange har tenkte at det knapt skjer noko i den gamle skogen, men det stemmer ikkje.
– Det er faktisk store CO₂-opptak som gir tydeleg nytte, seier Stokland.