– Heia deg som er skilsmissebarn!

Trude Trønnes Eidsvold og Rosa Von Krogh har skrive bok om skilsmisseheltane. Den er til deg som har skilte foreldre, eller til deg som kjenner nokon som har det. Og det gjer jo alle. Så, denne boka er til alle.

FAKTA OM BOKA:

Illustratør: Kine Yvonne Kjær

Designar: Marthe Figenschou

Målgruppe: 9-12 år

Forlag: Cappelen Damm

LES FAKTALUKK FAKTA

– Barn som veks opp i moderne familiar blir vant til å tilpasse seg ulike situasjonar.

Dei blir rike på folk og får øve seg på forskjellige familieliv. Vi må framsnakka skilsmissebarna. Heia deg som har skilte foreldre! seier Trude.

Då forfattar-Trude og far til ungane hennar valte å flytta frå kvarandre, fann ho ingen barnebøker som handla om skilsmisse.

– Vi fortalte jo kva som hadde skjedd til skulen, og vi sørga for at barna fekk ein avtale om å snakka med helsesjukepleiaren. Vi fann også ein terapeut dei kunne snakka med, men etter kvart såg vi at barna klarte seg greitt utan, fortel ho. 

I andre kriser er det ofte hjelpesystem som grip inn og tar vare på familiar. Men slik er det ikkje når det skjer ein skilsmisse.

Livet forandrar seg

– Vi hadde barn som var 10, 12 og 16 år gamle. Barna opplevde jo også i ei livskrise – og sjølv om brotet mellom pappaen og meg var fredeleg, så er det jo slik at livet til alle forandrar seg, fortel Trude som leita etter hjelp i barnebøker om skilsmisse.

Illustrasjon: Kine Yvonne Kjær)

– Det var lite barnelitteratur å finna om skilsmisse. Så, Rosa og eg fann ut at dette var boka vi måtte laga. Rosa er skilsmissebarn, og eg jobbar som barneadvokat. Difor kjenner vi godt til korleis barn kan oppleva det, fortel Trude som også har hatt med seg ein helsesjukepleiar og ein psykolog for å laga boka.