Barn vil at fritida skal vera lik – også etter at foreldra skil seg

Barn vil treffa vennene sine, gå på same skule og fortsetja med fritidsaktivitetane sine uansett om dei bur mest hos mor eller far.

Alle barn har rett til å bli høyrt og bli tatt omsyn til. Det har FN slått fast. Når foreldre flyttar frå kvarandre har dei fleste barn og ungdommar sterke meiningar om korleis dei vil at den nye kvardagen skal vera.

Det viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet, skriv Ung.Forskning.no.

Viktige ting

– Mange vaksne trur kanskje at barn er mest opptatte av kven dei skal bu hos, seier Maren Helland til Ung.Forskning.no.

Ho er ein av forskarane bak den nye studien.

Det stemmer ikkje, ifølgje dei 503 barna og ungdommane som har svart på spørsmål frå forskarane. Dei som svarte var skilsmissebarn mellom 7 og 15 år.

Fleire ting var viktigare for barna enn akkurat kor mykje dei budde hos mamma eller pappa. Nesten alle barna ville at livet dei var vant til utanfor familien, skulle fortsetja som før.

Dei ville halda fram med å:

  • Treffa vener uansett om dei bur hos mamma eller pappa.
  • Fortsetja med aktivitetane sine.
  • Fortsetja på same skule.