Nayeni (13): – Eg likar å ha ansvar for å pakka tinga mine når eg skal til pappa

Nayeni (13), Sara (12) og Mia (13) pendlar mellom to heimar, og har ulike måtar å planlegga, pakka og frakta tinga dei treng hos mamma eller pappa. 

FAKTA OM SKILSMISSE:
  • Mange barn opplever at foreldra skil seg. Over 40 prosent av alle norske ekteskap endar i skilsmisse.
  • Ei skilsmisse kan vera ei lika stor omstilling for barn som for foreldra, og dei fleste blir kjenslemessig påverka når foreldra flyttar frå kvarandre.
  • Viss du opplever at foreldra dine skil seg kan det vera fint å snakka med nokon du stolar på – ein lærar, ein helsesjukepleiar eller andre vaksne som kan gje råd.

(Kjelde: Skilsmisse.net)

LES FAKTALUKK FAKTA

Nayeni Bavananthan (13)

Foto: Johanna Bjørge Nerheim

Nayeni bur for det meste hos mammaen, men reiser til pappaen på ei overnatting eine veka, og fire overnattingar veka etter. Når ho skal til far sin, har ho med seg alt ho treng i skulesekken. Det blir ein tung sekk den dagen ho skal reisa, men det er ei vanesak, meiner ho. 

– Enten så hentar pappa meg på skulen, eller så tek eg buss eller tog. Eg pakkar sjølv, og tek med meg det eg treng slik at eg kan reisa direkte til han.

Ho har ikkje tenkt på at foreldra skal pakka for ho.

– Mine foreldre har vore skild sidan 2015, og eg har i grunn aldri tenkt på at dei kunne hjelpt meg med pakking og det å frakta tinga mine. Det går greitt å ta ansvar for det sjølv, seier ho.

– Eg likar å ha ansvaret. Elles føler eg det blir litt rart. Eg likar å ha kontroll over mine ting. Eg pakkar dagen før, slik at det er enkelt for meg å få alt med meg på skulen. Og skulle eg gløyma noko som er viktig, køyrer mamma eller pappa det til meg. Eg har også litt klede liggande hos pappa, i tilfelle eg treng noko ekstra når eg er der, seier ho.

Sara Berg (12)

Foto: Johanna Bjørge Nerheim

Sara bur mest hos mammaen sin, og er hos pappaen sin anna kvar helg. 

– Foreldra mine har vore skild så lenge eg kan hugsa. Eg planlegg pakkinga sjølv, og tek med meg tinga på skulen på fredagen. Viss eg gløymer noko går det fint – mamma og pappa bur ganske nærme kvarandre, fortel ho. 

Sara har heller ikkje tenkt på at foreldra kunne ha pakka for ho eller frakta tinga hennar. 

– Eg likar å ha ansvaret sjølv, og mamma sjekkar at eg har fått med meg alt. Det kan vera litt stress av og til. Når mamma seier eg må ha med meir, medan eg meiner eg har pakka nok. Då må eg pakka meir enn eg treng.

Sara har ikkje klede hos pappaen sin.

– Eg må alltid ta alt med. Eg har ikkje klede liggande hos pappa og ladarar må eg hugsa å ta med. Det hadde vore enklare om noko var hos pappa allereie. 

Mia Kristine Ersdal Sørhaug (13)

Foto: Johanna Bjørge Nerheim

Mia sine foreldre vart skild då ho var fire-fem år. Ho og systera hennar er litt hos pappa og litt hos mamma

– Me har ikkje ein fast plan. Av og til seier pappa at me skal heim til mamma etter skulen, eller omvendt. Det fungerer for meg å ha det slik. Eg har det meste eg treng hos begge, så eg pakkar ikkje så veldig mykje. Av og til hjelper dei meg å pakka viss det er noko spesielt eg skal. Begge hjelper meg også å hugsa ting eg treng – for eksempel viss eg skal på tur med skulen. Vi samarbeidar godt og eg får med meg det eg skal. 

Familien har ei ordning Mia er nøgd med.

– Eg blir ikkje stressa av å reisa fram og tilbake mellom to hus. Av og til er eg er hos mamma, men må reisa til pappa for å henta noko eg treng dagen etter. Då berre søv eg hos pappa. Spesielt viss mamma jobbar seint, seier ho.

– Det skal vera ditt val

Framtida Junior har tidlegare intervjua Trude Trønnes Eidsvold (bilete) som har skrive boka «Skilsmissehelter».

– Viss du synest det er heilt greitt å ha ansvar for tinga dine, er det heilt supert. Men det skal vera ditt val, sa ho.