Nasa livestrøymer landing på Mars

I kveld klokka 21.55 får me vita om romfartøyet «Perseverance» landar trygt på den raude planeten. NASA inviterer publikum til å sjå det heile live.

Fakta om Mars
  • Mars er den fjerde planeten frå Jorda.
  • Den er halvparten så stor som Jorda, om me ser på radiusen. 
  • Overflatetemperaturen på Mars varierer frå minus 5 grader til minus 87 grader.
  • Mars er kalla opp etter den romerske krigsguden.
  • Mars blir også kalla for den raude planeten. Grunnen er at den ser raud ut frå Jorda.
  • Mars har to månar som heiter Phobos og Deimos. Begge to er små og har uregelmessig form.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Viss det er ein ting me veit, så er det at det aldri er enkelt å landa på Mars, skriv Marc Etkind, som jobbar som Associate Administrator for Communications i NASA i ei pressemelding.

Under landinga vil roveren stupa gjennom den tynne atmosfæren på Mars, i ei fart på meir enn 12.000 kilometer i timen.

Deretter vil ein fallskjerm og ein styrt nedstigning senka roveren ned til ei fart på om lag 3 kilometer i timen. Til slutt skal roveren senkjast ned ved hjelp av tre kablar, og forhåpentlegvis landa trygt på den raude planeten.

Illustrasjon av Perseverance-roveren som landar trygt på Mars. Foto: NASA/JPL-Caltech

Strøymer landinga

I kveld kan du følga med på om den femte Mars-roveren til NASA, landar trygt eller ikkje.

Sendinga kan sjåast på fleire sosiale medium, mellom anna på YouTube-kanalen til NASA. Om du vil sjå landinga på norsk, kan du følgja sendinga til Romkapsel på Facebook.

– Me er glade for å invitera heile verda til å dela denne spennande hendinga saman med oss, skriv Etkind.

Sjå meir her: